Aktiviteter
Solnutane ligg på solsida av Brekkeelva på Reime. Du har fantastisk utsikt til heile Raundalsryggen med Horndalsnuten, Skipadalsnuten, Seldalsnuten og Olsskavlen på nesten 1600 moh. Bak deg har du Kaldafjellet og området mot Mjølfjell, Nærøydalen og Flåm. Etter ei kort tur med tog eller bil er du på Voss med alt som skjer der av kultur og aktivitetar. Dette mangfoldet gjev uante muligheter. Det er berre å kaste seg uti det
«Villmark for den litt tøffe»
Fiske
På Reime og område rund er det flotte muligheiter for fiske både i elv og i vatn. Med Vossakortet kan ein fiske i nærare 500 gode fiskevatn og elvar.
Vatn og elv
Glad i action? Voss og Reime er eit mekka for vatn- og elvesport. Her er elvar med krystallklart vatn, innramma av ein dramatisk vestlandsnatur, som gjer elvekajakk, rafting og andre elveaktivitetar til ei heilt spesiell oppleving.
Ski
Fjella rundt Reime byr på langt meir enn skiturar i oppkøyrte spor. Turmuligheitene er utømmeleg anten ein velger opptråkka spor eller topptur.
Jakt
Jaktmulighetene er mange på Voss og omegn. I jaktsesong kan alle som har jegerprøven kjøpa jaktkort på bl.a rype. Kvar grend (Reime, Skiple, Mjølfjell) har seljarar, elles kan ein kjøpa på nett.