Om Reime
Reime har meir enn 100 år med gode hyttetradisjoner og er ei aktiv bygd både sommar og vinter. Her kan du nyte noko av det beste naturen har å by på.
Over 100 år med hyttetradisjon
Jernbana åpna tidleg på 1900- talet for skiturisme i Raundalen. Mange, særleg bergensarane, reiste til fjells for å få stabile snøforhald slik at dei kunne gå på ski. Ut over mellomkrigstida var det mange tilreisande som leigde husvære på gardane og stølane i dalen, og på Reime var det stor aktivitet. Særleg påsken var ei travel tid, der ein til dømes i påsken 1937 reknar at det var 7-800 påskegjestar i bygda.
Mange vart kjend med Reime og Raundalen, og etterkvart kjøpte enkelte hus, eller bygde eigne hytter både på Reime og Mjølfjell. Allereie i 1909 kom den fyrste hytta på Reime. Det var familien Koldrup frå Bergen. Dei kjøpte eit hus på Reime og tok det i bruk som fritidsbustad.
Fleire familiar kjøpte tomter og bygde hytter, men det var fyrst etter 2. verdskrig at hyttebygginga skaut fart. Samstundes med hyttebygginga, har også ei rekkje av bustadhusa vorte solgt og brukast no som fritidsbustadar på Reime.
Mange av dagens hyttefolk har sterk tilknyting til Reime. Dette på grunn av at ein i fleire generasjonar reiste til Reime både vinter og sommar, men og at mange familiar starta å leige rom hjå dei fastbuande i bygda. Engasjementet hjå hyttefolket har alltid vore stort, der mange har delteke aktivt på det som har vore arrangert i bygda.
I 1998 vart det teke initiativ til å starte ei velforeining på Reime, der fyrste møte var halde april 1990. Velforeininga har medlemmar frå både hytte-, tomte- og grunneigarar. Frå vedtektene kan ein lese at «foreningen har som overordnet formål å ivareta og fremme felles interesser på en måte som både verner og styrker områdets særegenhet og tilgodeser lokale anliggender» Dette har ført til at foreininga har engasjert seg i alt frå vegbygging og etablering av parkeringsplassar, til påskerenn og smalahovefest. Velforeininga gjev og økonomisk støtte til ulike aktivitetar og tiltak på Reime. Velforeininga er aktiv med meir enn 130 medlem.
Reime – ei aktiv bygd
Reime har lange tradisjonar som ei aktiv bygd, både sommar og vinter. Allereie siste halvdel av 1800- talet var det skikonkurransar på Reime. Reime Skilag arrangerte konkurransar i både langrenn og hopp tideleg på 1900- talet,og i 1928 vart Reime Idrotslag skipa. Idrotslaget arrangerte konkurransar i både langrenn og hopp, men og i friidrett og skyting. I mange år vart det og arrangert springestafett i Raundalen.
NM i alpine greiner vart for for fyrste gong arrangert i 1938. Allereie året etterpå fekk Bergen Skilag tildelt arrangemanget. Det hadde tidlegare vore arrangert slalåmrenn både på Reime og på Mjølfjell, og landsrenn på Reime 26.-27. mars 1938. Løypa som vart brukt, var den såkalla Volliløypa frå Olsskavlen på 1576 moh., og ned til Vetlaheggstølen 500 moh. Det var her NM i slalåm og utfor vart arrangert 19.-20. mars 1939. Meir enn 100 deltakarar og funksjonærar vart innkvartert i private hus og gardar i nærleiken. Takk vere fleire ekstratog frå Bergen, kom det mellom 3-og 400 tilskodarar til rennet.
I mange år har Reime og hatt ein eigen slalåmbakke. Anders Melve, ein kjent og kjær mann for hyttefolket, rigga til skitrekk på garden sin, og saman med Reime IL vart det laga til slalåmbakke. Bakken er no historie, men framleis ser ein spor av den, i lia opp til Solnutane.
Hoppkonkurransane på Reime har vore særleg populære, og utøvarar frå heile regionen kom for å konkurrere. Det vart laga til flotte vandrepokalar, og mange av desse vart gjeve av hyttefolket på Reime.
Etterkvart vart påskehopprennet på Reime eit lokalt renn, og i nyare tid vart det arrangert saman med barneskirenn, som Reimegrend Vel arrangerte. I dag arrangerar velforeininga påskerenn på Skjærtorsdag, med langren for borna og hopp i liten og stor bakke.
Reime IL og etterkvart velforeininga, har hatt ansvar for at det i ei årerekke har vore køyrt skispor på Reime. Hausten 2011 tok Reimegrend Vel initativ til ei revitalisering av denne aktiviteten. Det vart arrangert dugnad for å rydde løypetrase. Fyrste vinteren vart løypa køyrt med ei eldre trakkemaskin som vart kjøpt inn privat, av ein hytteeigar. Dette vart ein suksess. For å betre organisere løypekøyringa, men og skaffe meir føremålstenleg utstyr, vart det hausten 2012 stifta eit partslag – Reimegrend Løypelag. Snøscooter og groomer med sporsetjar vart skaffa. No køyrer ein skispor kvar helg frå juletider og til etter påske. Løypenettet er utvida og består no av 3 rundløyper som til saman gjev ca. 27 km flotte skispor.